| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | FRIDTJOFSHAUGEN

Fridtjofshaugen, Vangsnes, Vik k.

525,- NOK INKL MVA

8,8 cm, bronse. Boltlåslykel, vikingtid.

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

Statua og parken som er vigd soga om Fridtjof den Frøkna, vart plassert på Vangsnes med storfelt utsyn over Sognefjorden. På same staden låg fleire førhistoriske gravrøyser, alle røva eller skadde i eldre tid. I røysa sørvest i dagens park, Ryggjahaugen eller Fridtjofshaugen, vart det funne ei kvinne- og ei mannsgrav frå vikingtid. Berre nokre få av funna vart leverte til museet. Mellom desse er den såkalla boltlåslykelen. Slike lyklar synest å ha vore brukt til hengelåsar, og boltlåstypen vert vanlegare i mellomalderen (1030-1537 e.Kr.). Om lykelen høyrde til Fridtjof eller Ingebjørg frå soga, eller nokon som soga gløymde, skal vere usagt.

 

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av kvinne frå vikingtid, med selekjole basert på eit anna funn frå Vangsnes.

 

Key from the Viking Age (800-1030 A.D.) based on an original finding in the cairn Fridtjofshaugen, Vangsnes in Vik kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad.

Schlüssel aus der Wikingerzeit (800-1030 n.Chr.) nach einem Orginalfund aus dem Steinhügelgrab Fridtjofshaugen, Vangsnes, in der Vik Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Lykelen frå Fridtjofshaugen synest å vere eit praktisk, enkelt og kvardagsleg stykke vikingtid. Han kan også vere lykel til noko større - her var ein lås og eit skrin, og i låste skrin er det verdiar - ein skatt, røva eller handla? Kven eigde lykelen? Fridtjof, Ingebjørg eller nokon som soga gløymde? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje eit utsal (her) - og spekuler sjølv!